Gilje web-design logo
Nokre råd om minnebrikke og minnekort til digitale kamera og mobiltelefonar Innhald - Sidekart
Bokmål


Sletting og formatering
Slett eller format minnebrikke eller minnekortet mens det står i kameraet etter kvar gong du har overført bilete til PC'ein og lagra dei der.

Backup 
Lag alltid ein backup av bileta dine ved å overføre filene frå minnebrikke eller minnekortet og lagre filene på PC-en din (Brenn dei i tillegg inn på CD eller DVD).


Ladd batteri
Ha alltid eit ladd batteri i kameraet. Dersom du går tom for straum mens du tek bilete, kan det føre til øydelagde data på minnebrikke eller minnekortet (og i somme tilfelle øydeleggje brikka).

Vent litt...
La minnebrikke eller minnekortet vere i kameraet ei stund (ca. 15 sekundar) etter at du har skrutt av kameraet. Dersom du tek ut brikka for snart kan det føre til øydelagde data på minnebrikke eller minnekortet (og i somme tilfelle øydeleggje minneområde på brikka).
Vent nokre sekundar før du skrur av kameraet etter fotografering, slik at biletet får tid til å bli lagra på brikka.

Unngå statisk elektrisitet, magnetiske felt og varme

Unngå stader (med møbel eller teppe eller liknande) som gir statisk elektrisitet. Ver ekstra forsiktig dersom du tek ut minnebrikke eller minnekortet på ekstra tørre stader med låg luftfukt.
Hald minnebrikke eller minnekortet borte frå magnetiske kjelder og varme stader solskin (over 50 gradar) og ekstrem kulde. Det er trygt å gå gjennom røntgen scannere på flyplassar, men ver forsiktig med sterkare røntgen utstyr som blir brukt til å undersøkje bagasje.

Trygg fjerning av maskinvare
Dersom du bruker Windows 2000 eller XP., bruk "trygg fjerning av maskinvare" før du fjernar kortet frå lesaren. Høgreklikk på den grøne pilen på oppgåvelinja og kople frå kortlesaren før du tek ut minnebrikke eller minnekortet.

Overfør bileta til PC før endring av bileta
Når du arbeider med bilete i programma for biletbehandlinga, ver sikker på at du har overført biletet frå minnebrikke eller minnekortet til PC-en først. Elles vil levetida på minnebrikke eller minnekortet bli monaleg redusert.

Kamera i vatnet
Har du mist kameraet i vatnet eller fått vatn over/i kameraet, bør du gjere følgjande for å avgrense skaden mest mogeleg:
- skru kameraet av dersom det er på 
- ta ut minnebrikke eller minnekort og batteri (alle) og skyl dei under reint ferskvatn 
- hald minnebrikke eller minnekortet fuktig til dømes i ein plastpose, og lever den inn eit datafirma (eller send den til oss) som kan finne eventuelle bilete.
Kamera leverer du inn fotoforhandlaren din som eventuelt sender det til reparasjon (Vil du gjere noko sjølv for å freiste å redde kameraet, kan du gjere følgjande: Dersom det har fall i saltvatn: Skyl det godt i lunke ferskt vatn i ein bøtte. Bruk så ein hårfønar for å tørke kameraet fullstendig innvendig. Ikkje set i batteriet før du er heilt sikker på at det er tørka innvendig.( NB! Vi anbefaler at du leverer kameraet til fotoforhandlar)).

Problem??
Dersom du får problem med ei minnebrikke eller minnekort stopp bruken straks!

Ta kontakt med oss.

Fotoapparat som slettar minnebrikke eller minnekortet permanent:
NB! Nokre fotoapparat (Enkelte Sony, Olympus og Fujifilm) slettar minnebrikke eller minnekortet permanent slik at sletta bilete ikkje kan finnest med dagens teknologi. Ver forsiktig med "Delete format" knappen dersom du har eit slikt fotoapparat. Dersom du likevel skulle vere uheldig: Ta kontakt med oss. Vi gjer eit forsøk, og dersom det ikkje lykkast å finne bilete betaler du berre for porto.

Web-design: Kjell Gilje

Valid HTML 4.01 Transitional Valid CSS!