Gilje web-design logo
Sletta bilete på minnebrikke til digitale kamera kan bli funne  Innhald - Sidekart
Bokmål
Digitalt fotoapparat Sandisk minnebrikke Minnebrikke Olympus xD Picture card Secure Digital minnebrikke
Har du sletta eller formatert flashminne i mobiltelefon, MP3-spelarar, PDA ? eller minnepinne?

Har du sletta bilete på det digitale kameraet ditt? Er bileta tapte ved ufrivillig sletting?
 
Har du ufrivillig mist bileta ved å slette, overskrive eller formattare minnebrikke eller minnekortet? Nokre gonger skjer dette når vi har teke og lagra dei beste eller viktigaste bileta våre. Men det er likevel gode sjansar for å finne igjen dei tapte bileta, sjølv om displayet på kameraet seier at minnebrikke eller minnekortet er tom eller forteljar at det er ingen bilete.

Viktig:

Dersom du oppdagar at minnebrikka eller minnekortet er sletta ved eit uhell, øydelagde, verkar ikkje, får feilmelding eller er formatert:


IKKJE TA FLEIRE BILDER MED BRIKKA, send den til oss og legg ved skjema for bestilling (som du må fylle ut og leggje ved brikka)


Dersom du tek fleire bilete, kan det øydeleggje sjansane for å finne dei tapte og sletta data på brikka.

Litt om sletting av data.
I det følgjande blir vanleg sletting forklart slik det som blir brukt for eksempel under Windows. Når vi slettar filer frå harddisken eller frå minnebrikke eller minnekortet, blir fila eigentleg ikkje sletta. Windows har ein filtabell som litt forenkla kan samanliknast med ei innhaldsliste i ei bok. Her ligg opplysningar om innhaldet og kva side vi finn dette.
Når vi slettar, vil berre eitt teikn i denne innhaldslista bli endra, og fortel datasystemet at her er det ledig plass. Slik blir det liggjande til vi lagrar nye bilete eller andre filer neste gong. Datasystemet vil leite etter ledig plass og vil da lagre dei nye bileta ved å overskrive dei gamle bileta eller filene.
Derfor er det viktig å ikkje ta nye bilete dersom du oppdagar at noko er sletta og du ønskjer å finne det igjen. Det same gjeld for harddisken på PC-ein.
Så lenge dei sletta bileta ikkje er overskrivne, kan dei bli funne.

 

Vi kan mellom anna finne sletta bilete frå:  Compact Flash, Smart Media, Memory Stick, Memory Stick Pro, IBM Micro Drive, Secure Digital, Multi Media Card, xD Picture card. CF Type ( I,II ), Extreme CF, Extreme III CF, Ultra II CF, HS CF, XS-XS CF, CF Elite Pro, CF Pro, CF Pro II, IBM MD, Hitachi MD, Magicstor MD, SM, SM ROM,T-Flash, SD, Extreme SD, Extreme III SD, Ultra II SD, SD Ultra X,Ultra speed SD, SD Pro, SD Elite Pro, HS SD,MMC, HS MMC, Mini SD, HS Mini SD, MMC 4.0, HS RS MMC, RS MMC, RS MMC 4.0, DV-RS MMC, MS, MS Pro, MS MG, MS MG Pro, Extreme MS Pro,
Extreme III MS Pro,Ultra II MS Pro, HS MS MG Pro, HS MS Pro, MS Rom, MS Select, MS Duo, MS Pro Duo, MS MG Duo, MS MG Pro Duo, HS MS MG Pro Duo,HS MS Pro Duo,M2, microSDHC, microSD
  Les meir

Nokre eksempel:
Ein 32 Mb CF-kort blei sletta ved at "slett alle" blei vald i staden for "slett valde bilete". Det blei ikkje teke fleire bilete med minnebrikka og den blei send til oss.
Vi fann alle 21 bileta.

Ein 128 MB CF-kort blei sletta ved eit uhell. Alle bileta frå ferien 2005 blei sletta. Vi fann 144 bilete.

Eit 1 Gb SD-kort blei sletta ved eit uhell. Brikka innehaldne bilete frå ferien 2005. Vi fann 219 bilete.

Ein 16 Mb XD - kort blei sletta ved eit uhell. Det blei teke eitt nytt bilete med fotoapparatet, likevel blei over 30 bilete funne på brikka etter at det blei sendt til oss (Også det eine viktige biletet)

Vi har hatt mange fornøgde og glade kundar som har fått igjen bilete som dei trudde var mist og tapt for alltid.
 

Garanti:
Vi kan dessverre ikkje gi nokon garanti for at vi kan finne alle sletta bilete frå minnebrikka eller minnekortet. Vi bruker fleire teknikkar og forskjellige typar programvarer for å rekonstruere flest mogeleg filer.
Vi har denne prisgarantien: Dersom vi ikkje kan finne nokre bilete (brikka er heilt tom, betaler du ingenting til oss (Du betaler berre for porto)
Dei bileta vi finn, legg vi anten på ein CD eller sender dei til deg på e-post slik at du kan laste dei ned på vanleg måte.. Les meir

Vi returnerer alle brikker, minnekort, cd/dvd, osv. tilbake til avsendar. Dette gjeld også sjølv om vi ikkje kan finne bilete.
Brikker, minnekort, cd/dvd, osv. som du sender til oss, blir returnert til deg i same stand som vi mottok dei. Brikker/minnekort, osv. som er i orden før dei blir sende til kan også brukast etter at vi har funne eventuelle sletta bilete.

Vi reparerer ikkje brikker/minnekort, cd/dvd eller harddiskar som er fysisk eller elektrisk øydelagde, men vi kopierer innhaldet der det er mogeleg.

NB! Nokre fotoapparat ( Sony Cyber-shot DSC-P5, Olympus America D-100, C-700, C-3040 og Fujifilm Finepix) slettar minnebrikka eller minnekortet permanent (minnebrikka blir overskriven) slik at sletta bilete ikkje kan bli funne med dagens teknologi*). Ver forsiktig med "Delete format" knappen dersom du har eit slikt fotoapparat. Dersom du likevel skulle vere uheldig: Ta kontakt med oss. Vi gjer eit forsøk, og dersom det ikkje lykkast å finne bilete betaler du berre for porto.

*) Det finst firma som har spesialisert seg på attfinning av data ved hjelp av spesialutstyr. Dei kan finne elektroniske restar av tidlegare lagra data på magnetiske medium (harddiskar) sjølv om filene er overskrivne (men kan ikkje finnedata frå minnebrikker som er overskrive). Dei kan også finne data frå fysisk skadde og vass skadde harddiskar . På grunn av at dette er komplisert og tidkrevjande er det særs dyrt og berre aktuelt for spesielt viktige data som ikkje kan finnast på annan måte.
Linkar:
Ibas Reconsult

Web-design: Kjell Gilje

Valid HTML 4.01 Transitional Valid CSS!