Gilje web-design logo
Reparasjon av gamle og øydelagde fotografi Innhald - Sidekart
Bokmål
-  Vi kan reparere papirbilete som er skadde, rive i stykke.
- Legg til og fjernar personar frå fotografi og frå digitale bilete
- Endrar bakgrunn på bileta
- Fargelegg sort/kvite bilete
bilde av skøyte bilde av fargelagt skøyte
Originalt scannet bilete (forminska) Fargelagt og reparert
bilde av johannes med hesten fargelagt bilde av johannes med hesten
På bilete ser vi Johannes Didriksen Mosbron (1883 - 1941). Han budde på gnr. 15 bnr. 57 (Vollen) på Åkra i Karmøy. Vi veit ikkje nøyaktig når eller kor bilete er teke. Dette er det einaste kjende bilete av Johannes. Meir om slekta på Åkra finn du på Slektsforum Karmøy
 

Eksempel på å ta bort ting eller personar frå bilete:

bilde av mur bilde av mur slange og tilhenger er fjernet
bilde av skårnes bilde av skårnes ledninger fjernet


Send bileta til oss anten på e-post eller på vanleg måte i posten.

Slik skannar du bileta sjølv:
Det enklaste er å bruke ein vanleg bord-skannar. Legg bilete på glasplata og skannbilete med 300 dpi oppløysing. Lagre bilete i jpg (jpeg)- format. Bruk minste kompresjon for høgast kvalitet. Skann i fargar sjølv om bilete er sort/kvitt.
Før du brukar skannaren, reingjer glasplata med ein blaut klut for å unngå støv og eventuelle fingermerke.

Send bilete som vedlegg til e-post eller legg det ved her.

(Når vi har motteke det vil du få eit eit pristilbod frå oss (og kan da velje om du vil stadfeste bestillinga eller om du vil avlyse bestillinga.)

(NB! Vi kopierer originalbilete, og lagar ein ny kopi som vi arbeider vidare med)

Dei bileta vi reparerer brenn vi på CD eller sender dei til deg på e-post slik at du kan laste dei ned på vanleg måte. Vi kan også levere foto på papir. Gi opp eventuelt kva for ein storleik du ynskjer.
 

 

 

Rettleiande prisar:
På grunn av at dette er "handarbeid" og at skadar på bileta varierer er det vanskeleg å gi ein eksakt pris utan å ha set bilete som skal reparerast.

1. Ta bort personar eller ting og erstatte det med vegg eller annan bakgrunn som finst på bilete, eller kopiere inn ting eller person frå eit anna bilete: kr 150,- til kr 300,-

2. Ta bort gjenstandar og erstatte det med ein ny bakgrunn: kr 200,- til kr 400,-

3. Flytting av personar, pynting av ansiktet (auge, nase, munn, kinn, hår og øyre).
Handteikning av manglande detaljar fargelegging ol: kr 300,- til kr 500,-

Etter at vi har motteke bilete vil du få eit bindande pristilbod.
 

Kontaktinformasjon
Er du interessert, ta kontakt for å få eit pristilbod eller nærmare informasjon.


Gilje web-design

Valid HTML 4.01! Valid CSS!